8. september 2014

Digg UiB?

Rektoratet meiner at UiB skal bli best i klassen på e-læring. Det ligg eit godt stykke arbeid før målet er nådd.

DigUiB er programmet som innfører digitale hjelpemiddel og støttesystem i undervisninga ved UiB. Programmet har blitt omorganisert av det nye rektoratet. Det er no delt i fem underprosjekt:
  1. Digital undervisning og utvikling av digitale læringsressursar.
  2. DigUiB læringslab skal gi læringsrom som er betre tilpassa digital undervisning.
  3. Læringsplattform. Ei ny løysing skal erstatte Mi side.
  4. Digital vurdering, som skal gi digitale skuleeksamenar og andre digitale vurderingsformer. Digital retting og andre funksjonar er og aktuelt.
  5. Juridiske problemstillingar, mellom anna opphavsrett.
På Høyden

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar